Søk i feltet over

Nye Busser I Bergen Nord Haukås Bussanlegg Oktober 2020

Ny busskontrakt i Bergen nord – 158 nye bussar på fossilfritt drivstoff

Skyss har starta opp ein ny ti års anbodskontrakt for busskøyringa i Bergen nord, med Tide Buss som operatør. Ruteområdet inkluderer alle busslinjer i Åsane, Arna og Osterøy, i tillegg til stamlinjene 3, 4 og 5, som går på tvers av Bergen.

 

I anbodet stilte Skyss krav om at alle bussane i kontrakten skal gå på fornybar energi, med hovudvekt på biogass.

– Det er eit tidskille når vi med dette kan fase ut fossilt drivstoff i heile dette ruteområdet, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Totalt vil den nye kontrakten gi 70 prosent reduksjon i klimagassutsleppa samanlikna med førre kontrakt. Totalt blir det årlege klimagasskuttet på 12 800 tonn CO2.

 

Bussanlegget på Haukås er utvida og oppgradert for påfylling av gass til mange fleire bussar enn før, 125 gassbussar mot tidlegare 49. Dei 33 bussane på Osterøy går ikkje på biogass, men skal i staden gå på palmeoljefri biodiesel.

 

Bergen nord er ein av Noregs største busskontraktar, og har ei spennvidde frå passasjertette stamlinjer med leddbuss på tvers av heile byområdet, til meir landleg busstrafikk på smale vegar på Osterøy. Alle dei 158 bussane er nye, noko som gir dei reisande eit kvalitetsløft. Bussane er meir stillegåande enn dei gamle, det er setebelte i alle, og det er USB-kontakt for mobillading ved alle dobbeltsete.

 

– Eg er stolt og glad for at vi no går i gang med ti nye år i Bergen nord. Vi i Tide skal gjere vårt beste for å gi gode reiseopplevingar til dei over 60 000 innbyggarane i Åsane, Arna og på Osterøy, som nyttar buss, og treng buss, for å få kvardagen til å gå rundt, seier Roger Harkestad, konsernsjef i Tide AS.

 

– Vi er glade for å ha oppdragsgjevarar som Skyss, som er med på å drive fram stadig meir miljøvennlege løysingar, seier Harkestad.

 

Osterøy er blitt inkludert i ruteområdet for Bergen nord, som no til saman har om lag 400 bussjåførar. For reisande på Osterøy er den største endringa at dei no får sanntidsinformasjon om alle avgangar.

 

Verdien av kontrakten er på 330 millionar kroner i året.

 

I første omgang blir det ingen endringar i rutetilbodet i Bergen nord. Skyss planlegg ei ruteomlegging i samband med dei nye kontraktane i Bergen nord og Bergen sentrum, men endringane blir ikkje sett i verk før Olav Kyrres gate er klar til opning i 2021.